Forside / Artikkel

Kva kan eg seie deg, barn?


Gjennomsnitt av 9 stemmer.


Ingen kommentarer. Bli den første!
Språk: Norsk (nynorsk)
Klassetrinn: GK almenn




Analyse av Marie Takvams dikt "Kva kan eg seie deg, barn" som kom ut i 1980.

"Kva kan eg seie deg, barn", er eit dikt skrive av Marie Takvam henta frå samlinga "Falle og reise seg att" kom ut i 1980. Diktet er delt inn i fem korte avsnitt og er skrive på nynorsk. Det har ikkje ein fast rytme, men dei fire fyrste avsnitta byrjar og sluttar med dei same orda; "Seier eg (.) Kva veit eg om (.) i di framtid?"

Temaet i diktet er om kva som vil vere rett i framtida. I det fyrste avsnittet står det:
"Seier eg: Arbeid! Kva veit eg om arbeid i di framtid?" Eg meiner dette er ei mor som gir råd til sitt eige barn. Ho ønskjer det beste for ho, men innser at rådet hennar truleg ikkje vil vere av den same tydinga om nokre år. Mora fortel dottera eller sonen, at dei skal få moglegheita til å ta sine eigne val.

Det å aldri kaste seg i armane på den sterke, trur eg inneber at ein skal gripe sjansar til å lykkast i livet. I dette tilfellet, kle seg i uniformer, som eg trur er ein konnotasjon for foreiningar, organisasjonar eller politiske parti.

Mora vil ikkje seie kva for ein religion ho vil at barnet hennar skal tru på. "Kva veit eg om religionar i di framtid" Det tyder på at ho sjølv ikkje har tru på ein bestemt religion. Dersom ho gjorde det, ville ho truleg ha rådd sitt eige barn til å tru på det ho meiner er sant.

I fjerde avsnitt fortel mora at ho ikkje kan seie at ein ikkje skal rope med dei som ropar høgast, ikkje skrike med dei som skrik høgast, ikkje gråte fordi alle andre græt eller ikkje le fordi alle andre ler. Dei som ropar høgast må vere dei som har sterke meiningar, og dei som skrik og græt, er dei som lid i verda. Dei som ler, er alle som ler på kostnad av dei som har det vondt. Dette dannar ein kontrast. Mora veit ikkje kven som vil gråte eller kven som vil le i framtida.

Vendepunktet kjem i det siste avsnittet. Sjølv om ho ikkje har kunnskap om kva framtida vil bringe, veit ho ein ting sikkert. Å ha kjærleik til andre menneske vil alltid vere ein av dei viktigaste tinga i livet. Men når ho seier; "Elsk om du kan elske", legger ho til at det er berre dersom det finnes nokon å elske i framtida. Dette er kjernepunktet i diktet.

Mora ser med andre ord ikkje særleg lyst på utviklinga i verda. Ho frykter at alt som ho står for i dag, vil bli forkasta i framtida. Eg trur at ho eigentleg meiner at ein ikkje skal kaste seg i armane på den sterke, rope med dei som ropar høgast osv. Men når ho heile tida gjentek "Kva veit vel eg om (.) i di framtid?" kan det sjå ut som ho seier dette i frustrasjon over at verda forandrar seg.

Dei gamle er ikkje lenger eldst. Det som alle trudde på før, er ikkje lenger rett nå. Dei unge trur dei veit best. Forfattaren si budskap er at vi ikkje kan vite kva som vil skje i framtida, men det er likevel dei vaksne som er dei med mest erfaring.

Som ein konklusjon kan eg seie at det diktet fortel på utsida, er at det å tru korleis ting vil bli i framtida er berre spekulasjonar. Det einaste som er sikkert er at det vil vere viktig å elske, dersom det finnes nokon å elske.


Annonse




Disclaimer: Alle dokumenter er kun for informasjon og ikke-kommersiell bruk. Alle stiler og oppgaver tilhører den opprinnelige skribent. Copyright © 2007 Mathisen IT Consult AS
Om Norsk Skoleforum