Forside / Analyse / Tekst

Tolking av Henrik Wergeland


Gjennomsnitt av 11 stemmer.
(Klikk på en stjerne for avgi stemme)

Ingen kommentarer. Bli den første!
Skrevet av Hilde Alexandra Grønland
Språk: Norsk (nynorsk)
Klassetrinn: VK 1 almenn



Her er en nynorskstil som jeg fikk karakteren 5 på. Det er noen skrivefeil her som jeg ikke har rettet, men det er ikke så fryktelig mange. Innholdet kan ihvertfall brukes! :)

Diktanalyse i Norsk

Tolking av Henrik Wergeland: "Til Foråret"

Diktet "Til Foråret" vart skrive av Henrik Wergeland på dødsleiet i 1845, da han låg langvarig sjuk av tuberkulose. Diktet høyrer til under den litteraturhistoriske perioden romantikken, og er klart prega av panteismen. Henrik Wergeland skreiv ei rekkje verk som uttrykte gleda hans og den inderlege kjærleiken hans til naturen.

Tanken om at Gud er tilstades i naturen, er sentral både i diktinga og i det religiøse synet hans. Tittelen viser at Wergeland dedikerte diktet til våren, og dei 12 strofene er på sett og vis til eit "du". Dei kan lesast som replikkar frå den eine parten i ein samtale der våren er den andre parten. Men fordi våren er eit begrep og ikkje ein skapning, vekslar forfattaren mellom kva han hendvendar seg til gjennom dei 12 strofene. Nokon replikkar er direkte retta mot graset eller treda, andre hendvendar seg til blåveisane eller svalene. Men det som er heilt tydeleg, er at Wergeland er forteljaren i diktet.

I "Til Foråret" ber Henrik Wergeland våren om å redde han, og vi kan tolke det som eit ynskje om å redde han frå døden. Det er ein nærliggjande gjeting ettersom Wergeland låg på dødsleiet då diktet vart skrive. Heile diktet er bygd opp rundt kjærleiken hans til våren og frykta for å døy. Den fyrste strofa hendvendar seg direkte til våren som ein heilskap, og den høyrast ut som ei kjærleikserklæring. I den tiande strofa ser vi igjen ei kjærleikserklæring, men denne gongen er det ikkje til våren som ein heilskap, men til eit gamalt lønnetre. Kjærleikserklæringane kan forklarast ved at Wergeland vil overbevise våren om at han har elska den så høgt at han fortener å bli redda av den.
Når vi ser på diktet som ein heilskap, ser vi ein del ting som er typisk for Wergeland sin dikting. Han eksperimentertebåde når det gjaldt form og innhald, og tok i bruk forskjellige strofemønster. Rim og rytme hadde aldri nokon viktig plass i Henrik Wergeland si dikting, korkje i dikta hans eller i nokon av dei andre sjangrane han brukte. I "Til Foråret" har han delt diktet inn i 12 strofer, men kvar av desse strofene har sine særpreg. Det er ikkje nokon rim i diktet, men ein kan likevel finne fram til ein viss rytme. Eit av verkemidla for å skape denne kjensla hos lesarane, er gjentaking. Ordet "Vidn" brukast hyppig gjennom diktet, og da særleg i fyrste setning i strofene det gjeld. Ordet gjentakast til saman 6 gonger. Eit anna kjenneteikn på Wergeland si dikting er den spesielle biletbruken. Han brukar ofte biletlege omskrivingar, det vil seie metaforar. Han seier ein ting og meinar noko anna, og lesaren skal forstå den eigentlege tydinga. I strofe nummer tre brukar han metafor om anemonane når han kallar dei for "årets pryd". Og i neste strofe omtalar han anemonane som "Forårets datter", og det er også berre ei omskriving som symboliserar noko djupare. Det seier noko om korleis Wergeland oppfattar anemonane sin plass hos våren. Iden femte strofa ser vi igjen ein metafor, når han omtalar svalene som "Forårets sendebud". Det er også mulig å sjå ein samanheng mellom komposisjonen i diktet, innhaldet i diktet, og korleis diktaren sitt liv var da "Til Foråret" vart skrive. Diktet har ein roleg start, for så å byggje seg opp etter kvart. Slutten er dramatisk og desperat, Wergeland sitt rop om hjelp vart klarare og klarare. Dette kan sjåast i samanheng med sjukdomen hans, og korleis den utvikla seg. Tuberkulosen tek meir og meir knekken på Wergeland si helse, men den tok aldri ifrå han gleda og livslysta.

Diktet er også fullt av besjeling og samanlikningar, som i den andre og den tredje strofa. Her blir det fyrste graset som kjem om våren samanlikna med ein smaragd, og rosene samanlikna med prinsesser. I den fjerde strofa finner vi ein meir indirekte samanlikning, kor dei vakre anemonane setjast opp mot den forakta løvetanna og leirfivelen, som er ugras. I den neste strofa samanliknas svala med eit heimkomme tapt barn, og i strofe nummer seks er det to samanlikningar. Her samanliknast det gamle treet med ein guddom og knoppane til treet medperler. Også i den åttande strofa ser vi ei samanlikning, denne gong av det gamle treet og ein patriark, som er ein stamfar; ein gamal, ærverdig mann. Den hyppige bruken av samanlikningar gjer at vi får eit sterkt bilete av kunstnaren sine kjensler, i dette tilfellet knyta til våren. Orda han samanliknar våren med, er ord som for dei fleste av oss er veldig positive. Det vil seie ord som prinsesser, guddom, perler og så vidare. Vi forbinder desse orda med noko fint og vakkert, og forstår dermed at Wergeland har eit slikt bilete av våren.

Våren blir gjentekne gongar i diktet gitt liv og menneskelege eigenskapar, og diktaren bruker då besjeling som eit verkemiddel. I den andre strofa blir rosene gitt eigenskapen å kunne slynge seg etter nokon, noko som dei ikkje kan gjere i røynda. Det er også mykje besjeling i dei strofene som følgjer, blant anna ved å seie at svalene og anemonane skal vitne om Wergeland sin kjærleik til våren. I den sjette strofa tilleggast svalene evna til å ta avgjersle, når diktaren uttalar: ".be at de ikke lenger må ryste nåler.." og seier dette om svalene. Det er ennå eit eksempel på besjeling i diktet. I den siste strofa finn vi heile tre besjelingar, den fyrste om det gamle lønnetreet. Lønnetreet blir gjeven evna til å rope, som er ein menneskeleg eigenskap. Han blir òg gjeven evna til å strekke armane sine mot himmelen. anemonane blir nok ein gong gjeven menneskelege eigenskapar, denne gongen ved at diktaren skriv at anemonane knelar og ber våren om å redde Wergeland. Bruken av besjeling gjer diktet fargerikt og gjer det lettare å forstå bodskapenWergeland prøvar å formidle. Når vi ser våren og delane den består av som noko levande, får vi eit enno betre bilete av kva for eit syn Wergeland har på våren. Det blir lettare å forstå hans storslagne kjærleik til naturen som ein heilskap.

Motivet i "Til Foråret" er heilt klart Wergeland som prisar våren på dødsleiet. Hans kjærleik til det friske og guddommelege i naturen, viser diktaren si panteistiske livshaldning. Gjennom heile diktet strør ham om seg av lovord og gir oss positive assosiasjonar til våren. Stemninga i diktet er for det meste positiv, og trua på livet og naturen er stor. Men i den sjette strofa brukast det ein del negativt lada ord, blant anna orda "nåler" og ordet "kolde". Setninga " ryste nåler ned i mitt bryst fra deres kolde blå åpninger" har ein negativ ladning. Det kan vere ein måte for diktaren å uttrykkje sorg eller frykt for å døy. Ein måte å tolke metaforen "Søk disse skyers herre" på, er at svalene som vart nemnt tidlegare, blir sett på som skyenes herre.Mi eiga tolking av metaforen, er at Wergeland siktar til Gud. Han ber svalene om å fly opp til Gud for å be han om å vere barmhjertig mot han.

Ein måte å tolke diktet på, er å sjå på det som ein kjærleikserklæring til Stella. Henrik Wergeland var ofte forelska i si ungdomstid, men han fekk ikkje dei han ville ha. Særleg var det ei jente som satt djupe spor idiktaren, Hulda Malthe. Wergeland fridde til jenta tre gonger, men dei to vart aldri gifte. Av den ulykkelege kjærleiken sin, skapa han idealbiletet Stella. Frå fyrst av er Stella ei vakker stjerne, men etter kvart blir ho til ei ånd som han skal møte i evigleiken, sjela hans si utkårde. Mi eiga tolking av diktet er at temaet er døden. Wergeland fryktar døden, han vil leve vidare. Han var ein ung mann då han vart sjuk, og døydde bare 37 år gamal. Det er difor grunnlag for å tru at han ikkje følte seg klar for å gi slipp på livet, han hadde nok mykje han skulle ha utretta. Diktet er fyrst og fremst eit rop om hjelp, Wergeland fryktar døden og vil bli redda frå den. Eg trur også at diktet har eit undertema, nemleg naturen, og han brukar sin djupe kjærleik og beundring som eit verkemiddel for å få fram den djupare meininga med diktet.Det er klart at det mest viktige var døden på dette tidspunktet, men ein ser òg at Wergeland har ein kjensle for våren som svært få kan forstå rekkjevidda av.

Hilde Alexandra Grønland, 11.03.2002.


Annonse


Legg inn kommentar
Du må logge inn for å kunne legge til kommentar. Klikk her for å logge deg på.

Kommentarer
Ingen kommentarer er lagt inn. Bli den første!
Disclaimer: Alle dokumenter er kun for informasjon og ikke-kommersiell bruk. Alle stiler og oppgaver tilhører den opprinnelige skribent. Copyright © 2007 Mathisen IT Consult AS
Om Norsk Skoleforum