Forside / Artikkel

Olav H. Hauge - ein presentasjon av lyrikken


Gjennomsnitt av 17 stemmer.


Ingen kommentarer. Bli den første!
Språk: Norsk (nynorsk)
Klassetrinn: VK II almenn

I denne oppgåva skal eg presentere lyrikken til Olav H. Hauge.

I denne oppgåva skal eg presentere lyrikken til Olav H. Hauge. Eg har sju dikt som utgangspunkt, men vil sjå nærmare på to av dei og komme med ei analyse og tolking. Til slutt vil eg samanfatte kva som var hovudtrekka i Hauge sin dikting.

Olav Håkonsen Hauge blei født 18 august 1908 og døde 23. mai 1994. Han var utdanna gartnar og budde hele sitt liv i Ulvik i Hardanger. Han debuterte i 1946 med diktsamlinga "Glør i oska", og gav ut i alt sju diktsamlingar. Han jobba også med omsettingar av engelsk, tysk og fransk poesi, språk han var sjølvlært i.


Det første diktet heiter "DIN VEG" og er henta frå diktsamlinga Under bergfallet gitt ut i 1951. Temaet i diktet er det ulevde livet, dette vil eg vise gjennom analysen og tolkinga.

Den ytre handlinga har ein "forteljarstemme" der det blir snakka til ein "du-person". Det blir fortalt om ein veg som bare er din, som ingen passar på, og som går ut i det ukjente. Det er umuleg å snu og vakter du ikkje vegen du heller, vil vinden viske ut spora dine i aude fjell.

Overskrifta "din veg" fungerer som eit frampek, og blir gjentatt i andre strofe, andre verselinje: "Dette er din veg.". Vi får gjennom overskrifta vite noe om innhaldet og det at det er "din" veg, eller nærmare sagt ditt liv det gjeld.

Diktet er tradisjonelt strofisk, og er samansett av tre strofer, kvar med fire verselinjer. Vi finn enderim i andre og fjerde verselinje. T.d. gå og blå, du og snu, hell og fjell. Første og andre strofe har trykktunge eller mannlege enderim, mens tredje og siste strofe har trykklette kvinnelege enderim. Dette trur eg har noe å gjere med innhaldet i dei forskjellige strofene, første og andre strofe er ei skildring av livet, eller vegen som det konkret er skrive om, mens tredje strofe er ein slags åtvaring mot kva som kan skje om du skuslar bort livet.
I første strofe er det også innvendig rim i tredje og fjerde vers: "ut i det ukjende,/ ut i det blå." Her verkar gjentakinga forsterkande på innhaldet og er med på å skape ei gåtefull stemning, også endeorda "ukjende" og "blå" er synonyme i denne samanheng.

Diktet er prega av ordøkonomisering. Diktaren bruker få adjektiv, men dei som er der, er med på å forsterke den litt dystre stemninga. Pronomenet "du" er mykje brukt og diktet er ein monolog til dette "du-et". I orda er det ofte mørke vokalar, dette er med på å skape ei alvorleg stemning. Eksempel på dette kan vere ord som: "gå, varda, du og far".

I diktet blir det brukt to sentrale bilder, begge henta frå naturen. I første og andre strofe blir vegen brukt som eit bilde på livet. Vi kan seie at "du vandrar på livet sin veg" - ein veg har mange av dei samme eigenskapane som livet sjølv; ein start, ei utvikling og ein slutt.
I tredje strofe bruker diktaren eit bilde frå eit aude fjellandskap for å konkretisere korleis du lett kan bli gløymt, og ikkje heidra etter din død om du ikkje tar vare på livet. Å ikkje ta vare på livet vil i denne samanheng kan vere og isolere seg slik at ditt sosiale landskap kan virke "aude", og få menneske kan lære av ditt liv og din veg, eller måte å gjere ting på.

Det at diktaren legg så vekt på, og snakkar så direkte til "du-et" tolkar eg som at det er bare du som kan leve ditt liv, ingen kan leve for deg, eller gjennom deg. Du har makt til å avgjere korleis ditt liv skal levast. Temaet i dette diktet er livet, eller nærmare sagt det ulevde livet - det du har makt til å endre.

Det andre diktet heiter "Eit ord" og ble gitt ut i samlinga Dropar i austavind i 1966. Her viser Olav H. Hauge seg som modernist.

Temaet i diktet er kommunikasjon og djupast sett fleirkulturell kommunikasjon. Eg ser på den kalde elva som eit symbol på kommunikasjonssvikt, der steinane er eit symbol på orda eller kunnskapen som ein treng for å kunne forstå kvarandre. Akkurat som vi hoppar på steinar for å komme over ei elv, bruker vi orda for å gjøre oss forstått blant andre menneske - dei er den brua som bind oss saman.

Motivet eller den ytre handlinga viser ein person som prøver å komme seg over ei kald elv, men oppdagar at han/hun trenger fleire steinar å trø på.

Overskrifta viser oss kva som er det sentrale i diktet, det at lesarane skal tenke på steinane som ord, dette blir også forsterka ved at overskrifta òg er første verselinje. I dette diktet får du allereie i overskrifta og første vers eit hint frå diktaren om den djupare meininga, at det er bruken og funksjonen av ord og symbol mellom kulturane, som ligg under overflata.

Diket er modernistisk, dvs skrive i ubunden form. Det liknar på eit haikudikt både i form og ordval, verselinjene er av ulik lengde og språket er preget av ordøkonomisering. Ein må sjølv lese mellom linjene og trekke eigne slutningar. Få adjektiv gjør at det eine som er der får stor tyding. I vers tre står det om "den kalde elva", her er adjektivet "kald" særs viktig da det gjør elva til noe negativt. Elva ser eg på som ei konkretisering av ein konflikt eller misforståing. Andre verkemidlar Hauge bruker i diktet er tankestrekar, dette finn vi i andre vers og fjerde vers, desse skaper ein liten tenkepause og er med på å skape rytme og til å dra parallellar mellom dei forskjellige versa. Som til dømes i vers to og tre: "Eit ord/ - ein stein", her bruker diktaren tankestreken til å vise kva steinen er eit symbol for.

I diktet er det brukt eit motiv frå naturen, som så ofte elles i Olav H. Hauge sin lyrikk. Som før nemnt ser eg på steinane i denne samanheng som metaforar for det vi kan kalle kulturelle symbol, slik som språk, skikkar og vanar. I dette diktet presentert som eit ord. Elva er den kløfta av fremmendfrykt som kan skilde ulike kulturar. Dette kjem fordi vi manglar dei kunnskapane og forståinga om kvarandre sin kultur som er nødvendig for å krysse denne kløfta, og det er nett dette som er steinane, forståinga mellom kulturane. Du må forstå kvifor andre handlar som dei gjør og respektere det, først da får du nok "steinar" og kan komme over den kalde elva av fremmendfrykt som skil oss.


Olav H. Hauge var gartnar av yrke, og hadde eit nært forhold til naturen. Dette kan vi óg sjå i dikta han har skrive. Mange om ikkje alle bilda er henta frå naturen og det daglege livet i eplehagen i Ulvik. Sjølv om Hauge skriv om enkle ting og bruker få ord, er det noe i dikta som alle kan kjenne seg igjen i, eksistensialistiske problemstillingar som livet, kvardagen og mellommenneskelege relasjonar.

Hauge starta diktinga sin i den romantiske tradisjonen og skrev ofte i bunden form ( t.d. "Din veg", Under bergfallet, 1951). Samlinga "På ørnetuva" (1961) nominerte ham til Kritikarprisen og markerte et gjennombrot. Han ble også tildelt Doblougprisen i 1969 og Aschehougprisen i 1978. I sin seinare dikting viste han seg som ein stor modernist, og har uttalt at det hang mye "jammer og syt" ved dei første diktsamlingane. Formen på dikta blei knappare og ordvalet meir konkret. Ein poetisk minimalisme som minte om både haiku- og eddadikting. Lyrikken til Olav H. Hauge fikk stor tyding for den oppveksande diktergenerasjonen. Særleg diktare som Jan Erik Vold og Paal-Helge Haugen er preget av Hauge sin versekunst.

Jan Erik Vold har karakterisert dei moderne dikta til Hauge som "ting-dikt". Desse "ting-dikta" eller "nyenkle" dikta som dei også har blitt kalla, var ein reaksjon mot komplisert og bilderik dikting (symbolsk dikting). Ein ville skrive om dei små og enkle tinga - det verkelege og ha ein direkte samanheng mellom uttrykk og innhald. Teiknsetjing og syntaks låg nær opp til normalmålet. Eit eksempel på dette kan vere diktet "Kvardag" frå samlinga Dropar i austavind (1966), Hauge søker ikkje lenger bak tinga, men prøver å leve seg inn i dei. Dette framstår som ein rapport frå kvardagen, jordnært og folkeleg.

Olav H. Hauge arbeidde også med å omsette av fransk, engelsk og tysk lyrikk. I 1968 gav han ut ei samling med omsetting av europeisk og amerikansk poesi frå dei siste 150 åra.

Olav H. Hauge har vert kalla ein europear, og var på ein og samme tid solid lokalt forankra og vidt internasjonalt orientert. Han henta inspirasjon frå kvardagen i vestlandsbygda, men òg frå klassisk japansk og kinesisk dikting og moderne amerikansk lyrikk. Hauge er omsett til 25 språk og representerte både tradisjonen og fornyinga i norsk lyrikk. Med sin nasjonale tryggleik og samtidig bevisst på det europeiske, sin enkle livsvisdom og kompliserte intellektuelle undring er han etterkrigstidas største norske lyrikar (Aftenposten).

Kjelder:

Dikt:
- "Din veg", frå Under bergfallet 1951
- "Syn oss åkeren din", frå Seint rodnar skog i djuvet 1956
- "Eit ord", frå Dropar i austavind 1966
- "Skuleplassen", frå Dropar i austavind 1966
- "Kvardag", frå Dropar i austavind 1966
- Lauvhyttor og snøhus", frå Spør vinden 1971
- "Eg stoggar under den gamle eiki ein regnvêrsdag", frå Janglestrå 1980

Artikler:
- http://www.nrk.no/nrk2/leseforeningen/bio/hauge_olav.html
- http://home.hib.no/al/norsk/klasser/Diktanalyse.htm
- http://home.hib.no/studenter/hib00lli/nettlyrikk.html
- http://home.no.net/lyrikk/hauge.html
- http://tekst.aftenposten.no/forfindeks/fi.cgi?fiart+AFT94+AFT9405250050&
- http://www.aftenposten.no/alex/litterat/forfatte/haugeola.htm

Bøker:
- Rottem, Øystein. 1999. Norges Litteraturhistorie bind 1-3. Cappelen Forlag AS, Oslo.
- Christophersen, Hageberg, Løvold, Møster, Dahl og Torp. 1998. Grunnlinjer, Norsk Undervisningsforlag/ Aschehoug, Oslo











Annonse




Disclaimer: Alle dokumenter er kun for informasjon og ikke-kommersiell bruk. Alle stiler og oppgaver tilhører den opprinnelige skribent. Copyright © 2007 Mathisen IT Consult AS
Om Norsk Skoleforum