Forside / Artikkel

Fakta om narkotiske stoff


Gjennomsnitt av 10 stemmer.


Les kommentarer (3 stk)
Språk: Norsk (nynorsk)
Klassetrinn: Ungdomsskolen




Fakta om amfetamin, kokain, ecstacy og LSD

Amfetamin

Amfetamin er eit syntetisk stoff (kunstig framstilt) som vart først tatt i bruk som nasedropar på 1930 talet. Undersøkelsar viser at det gir aukt følelse av energi, du orkar meir og trenger mindre søvn . Under den andre verdenskrigen vart det gitt til mange soldatar for at dei skulle orke meir og slåst lenger.
Det vart også brukt for å halde seg vaken under eksamenar og på nattevakter før dei blei ulovleg.
Amfetamin omsettast som pulver og blir tatt gjennom munnen eller sprøyter.
Det blir også delvis brukt som medisin i tablettform.
Amfetamin ligg på andre plass blant dei mest ulovlege rusmidla i Noreg.
Enkelts som brukar amfetamin kan få hjerneblødningar bli invalid eller døy. Grunnen til dette er at det aukar blodtrykket i kroppen. Derfor er det heller ikkje bra for hjertet. Det kan gi blødningar i hjertet og forstyrre hjerte sitt arbeid.

Kokain

Kokain vert laga av blada frå kokabuska. Kokabuska veks helst i Sør-Amerika. Dei første som tok i bruk kokain var indianerane. Dei starta å tyggje på blada frå kokabuska.
Stoffet blir som oftast omsatt som pulver, som inneheld bl.a kokapasta og crack.
Kokain kan takast med sprøyte, sniffast eller røykast. Stoffet kan og brukast til lokalbedeøvelse. Kokain kom inn i norsk ruskultur på 1980-tallet, men bruken er fortsatt nokså begrensa.
I USA hadde stoffet tidligare ry som eit rusmiddel for bedrestillte ungdommar. I løpet av 1980-talet forandra dette seg, slik at det som andre rusmiddel blir mest brukt av fattige ungdommar i byane. Både virkningar og bivirkningar liknar på amfetamin. Stoffet gjer at ein ikkje kjenner kroppen sitt normale signal om trøyttheit. Ein kan derfor oppleve ein veldig plagsom nedtur, i verste fall kan ein døy. Stoffet kan og gjere at hjertet arbeidar uregelmessig, gi hjerneblødningar, utløyse kramper og auke kroppstemperaturen.

Ecstacy og LSD

Ecstacy er eit syntetisk stoff som eigentleg heiter MDMA (Metylen-Dioksy-Met-Amfetamin).
Ecstacy blir omsatt i form av tablettar. Stoffet kom ikkje til Noreg før i 1990-åra.
Det vart oppfunnen i 1914, men vart ikkje forbode før i 1980. Stoffet var meint til å brukast til eit slankemiddel. Ecstacy er eit glirande salgsnavn. Det betyr ekstase og lovar brukaren ein slags lykkerus.
Stoffet blir helst knytta til house-kulturen og det blir mest brukt til festbruk i staden for alkohol. Mange tek ei pille og trur at det ikkje kan skade, men det finst tilfeller der folk har døydd etter berre ei pille.
Ecstacy kan føre til forandring i hjernen, og det kan øydeleggje forbindelsen mellom nervecellene.
Ecstacy pillene finst i over hundre varianter. Den mest vanlege er med eit smilefjes på.
LSD, (Lyserg-Syre-Dietamid) er og eit syntetisk stoff som høyrer til hallusinogen kategorien. Stoffet er i pulver form og vert oppløyst i vatn og så tatt inn gjennom munnen.
LSD kom for fullt første gang i hippie tida på 1960-70 talet. Stoffet gjer at du opplever alt annleis, og du blir veldig uforutsigbar.
Andre, men mindre brukte hallusinogen er MDA og PCP.



Disclaimer: Alle dokumenter er kun for informasjon og ikke-kommersiell bruk. Alle stiler og oppgaver tilhører den opprinnelige skribent. Copyright © 2007 Mathisen IT Consult AS
Om Norsk Skoleforum