Forside / Artikkel

Dagens ungdom


Ingen stemmer er registrert.


Ingen kommentarer. Bli den første!
Skrevet av Åse Svendsen
Språk: Norsk (nynorsk)
Klassetrinn: GK almenn




Ungdomstiden kan være trøblete.

Ungdomstida er ein tid dei fleste vaksne letar tilbake til. Eg veit ikkje kvifor, men av dei vaksne blir ofte ungdomstida sett på som ein heilt bekymringslaus tid kor man verken har ansvar ellar pliktar, men slik ser ikkje ungdomen det sjølv.

Det å vere ungdom i dagens samfunn krev meir enn ein skulle tru. Det blir lagt press og krav på dei unge frå alle hold. Samfunnet vil at dei skal bli til noko, for seinare å betale masse avgiftar tilbake til staten, Skulen og foreldre vil at dei skal få gode karakterar, jevnaldrande vil ha dei til å gå i dei rette kleda og ha dei rette tinga. Vennar og familien krev tid frå dei, og samtidig skal dei ha tid til seg sjølv også! Det er ikkje rart at ein seiar at ungdomstida flyr forbi!

Det finnast mange forskjellege typar ungdomsmiljø. Det har sin bakgrunn i at det faktisk finnast vanskelege sidar ved det å vere ung... Det stillast for store krav av nokre ungdommar. Og det er ofte slik at det forventes for mykje av dei unge som gjer at nokre av dei sklir ut av "systemet", og vendar seg mot det. Desse personane er ofte folk som ikkje klarar og henge med på skulen eller heime, dei "hoppar av lasset" og begynnar gjerne med dumme opprørske ting som røyking, drikking, narkotika, og andre ting som kan falle dei inn.

Andre som har det vanskeleg i ungdomstida er unge som har dårleg sjølvbilde. Spesielt unge jenter, men også nokre gutar blir påverka av reklame plakatar og liknande med bildar av "perfekte" menneske kroppar. Dei begynnar då å syntes dårleg om seg sjølv og kommer i verste fall i den situasjonen at dei får spiseforstyrrelsar. Statistikken visar at problemet med spiseforstyrrelsar aldri før har våre så stort som det er blant dagens ungdom, og den visar at talla på ungdommar med anoreksia og bulimiberre er på veg oppover.

Andre vanskelege sidar ved det å vere ung er det at ein ungdom ofte ikkje blir tatt på alvor når det gjeller mange politiske samanhengar. Det einaste politikarane bryr seg om når det gjeller ungdom er å få stemmen deira når det er stortings val og meiningsmålingar. Når det kjem til stykket blir ein ungdom anset som eit lite barn som eigentleg ikkje har peiling. Dette er eit ganske stort problem for mange unge. Det har gjenspeilt seg i at det har blitt oppretta mange ungdoms organisasjonar, eit eksempel er "Elevorganisasjonen". Denne organisasjonen visar at ungdom har lyst til å forandra på situasjonen slik den er i dag, og at ungdom har lyst til å få fram sine eigene meiningar når det gjelder det som anngår dei sjølve, nemleg ungdommen.

Det er jo ikkje bare vanskelege sidar ved det å vere ung, det eg har beskrive ovanfor omhandlar bare nokre få prosent av ungdommane i for eksempel Noreg.

Ungdomstida har mange positive sidar, men mange er vanskelige å forklare. Nokre av sidene er blant anna; når ein er ung, sleppar ein å betale skatt (viss ein da ikkje har ein eller anna stor inntektskjelde), ein må ikkje betale for maten ein et, ein har eit sted å bu og ein har ikkje så enormt ansvar som for eksempel ein vaksen har med hus, orden og stell. Eg har også høyrt at når ein er ung har man lettare for å bli kjent med folk. Det er også vitenaskapeleg bevist at ungdommane er den aldersgruppa som har mest energi. Og det er mens ein er ung at man først begynner å forståseg på livet og ein finner ut kven man er. Det er som oftast når ein er ung at man oppdagar kva kjerleik er. Det går ann å remse opp uendelege listar med positive sidar ved det å vere ung. Her i Noreg har til og med dagens ungdom det privilegiet at dei kan få vekse opp i eit rikt land med fred.

Men til slutt i denne artikkelen er det viktig å få med at ingen presonar er like, så det er omtrent umuleg å finne ein felles betegnalse som fullt ut vil definere korleis det er å leve livet som ungdom. Det einaste ein kan si som vil omfatte alle ungdommar er at ungdomstida er den fasen i livet kor man går ifrå å vere barn til å blivaksen. Ansvar, forventningar og utfordringar er forskjellege frå kvart individ. Ungdoms tida er tida du lærar deg sjølv og kjenne. Kvar ungdom har eit mål, eit ønske, ein draum inni seg, som dei vil prøve å oppnå. Viss berre verda vil gi dei ein sjanse.


Annonse




Disclaimer: Alle dokumenter er kun for informasjon og ikke-kommersiell bruk. Alle stiler og oppgaver tilhører den opprinnelige skribent. Copyright © 2007 Mathisen IT Consult AS
Om Norsk Skoleforum