Forside / Biografi / Tekst

Gustav Vigeland


Gjennomsnitt av 169 stemmer.
(Klikk på en stjerne for avgi stemme)

Ingen kommentarer. Bli den første!
Språk: Norsk (nynorsk)
Klassetrinn: Ungdomsskolen




<B>Gustav Vigeland (1869-1943)</B>

Adolf Gustav Vigeland vart født i Mandal 11 april 1869. Foreldrene var av bondeætt, faren Eliseus Thorsen var snekkarmeistar, og familien hadde lang tradisjon på dyktige snekkarar og treskjærarar.

På skulen kjeda han seg og gjorde ingen særlige anstrengelsar. "Kan når han vil" sto det ein gong på vitnemålet.
Berre i teikning utmerka han seg.


Treskjæring var ein av hans store interesser. Bestefaren tok han med til Tarald Lauen, som var den beste treskjæraren i bygda.
Han lærde seg fort både teknikk og mønster og han laga ting som læraren syntest var litt for gode. Til slutt fekk Vigeland beskjed om å ikkje kome dit meir, fordi Tarald ikkje ville ha konkurrentar.

Foreldrene til Gustav bestemde seg for at han skulle bli profesjonell treskjærar.
15 år gamal reiste han saman med faren til Kristiania, der vart det avtalt med billedskjærar Torsten Kristensen Fladmoe at han skulle bu og arbeide hos han. Då Fladmoe såg kor dyktig han var fekk han til og med litt lønn. 2 kroner i veka, og meir interessante oppgåver.

I 1892 mottok Vigeland stipend for andre gong, og sette kursen mot Paris som mange andre unge kunstnarar.
I slutten av Januar 1895 la Vigeland ut på si første reise til Firenze via København og Berlin.
Då Vigeland vende heim til Noreg var det var ikkje dei mest varierte oppgåver som venta ein entusiastisk ung kunstnar som nettopp hadde innhenta inspirasjon frå dei store billedhoggarane i Sør-Europa.

Vigeland deltok i konkurransen om Ole Bull- monumentet i Bergen i 1897, og etter elendig kritikk knuste Vigeland begge utkasta då dei vart returnerte.

I februar 1900 trefte Vigeland Inga Syvertsen og dei vart forelska.
Samlivet mellom Inga og Vigeland varte i 20 år.

Krigen og okkupasjonen i 1940 fikk ingen umiddelbar innvirkning på Vigeland sitt arbeide. Hverken krig, alder eller personlige konfliktar hindra han i å skape nye verk.
Sommaren 1940 modellerte han dei åtte skulpturane til Barneplassen.
Same sommaren fekk Vigeland det første varselet om at slutten nærma seg.
Et slaganfall tvinga han til å holde senga i fleire veker.
I november begynte han å modellere på ei frise med relieff til sitt eige gravkammer.
12. mars 1943 døydde Vigeland.

Vigelandsparken: I Vigelandsparken er det 192 skulpturar med meir enn 600 figurar laga i full storleik. I 1931 kom dei fleste av figurane som står i Frognerparken eller Vigelandsparken som den vart døypt til etterpå.

Legg inn kommentar
Du må logge inn for å kunne legge til kommentar. Klikk her for å logge deg på.

Kommentarer
Ingen kommentarer er lagt inn. Bli den første!
Disclaimer: Alle dokumenter er kun for informasjon og ikke-kommersiell bruk. Alle stiler og oppgaver tilhører den opprinnelige skribent. Copyright © 2007 Mathisen IT Consult AS
Om Norsk Skoleforum