Forside / Biografi / Tekst

John Fitzgerald Kennedy (1917-1963)


Gjennomsnitt av 190 stemmer.
(Klikk på en stjerne for avgi stemme)

Ingen kommentarer. Bli den første!
Språk: Norsk (nynorsk)
Klassetrinn: Ungdomsskolen




Ein biografi om livet til USA`s 35. president

I 1848 slo potetavlinga feil i Irland. Dei som greidde å skaffe seg pengar til billett, utvandra til Amerika. Mellom dei var Patrick Kennedy. Han slo seg ned i Aust-Boston. Då han kom til Amerika var han lutfattig, men han hadde lært seg kunsten å lage tønner, fat og dunkar og det gjekk han i gang med i Boston. Etter ei tid, våga han å stifte eigen heim, men etter ei stund skjedde tragedien, han døydde brått frå kone og fire barn.

Den eldste sonen hans, Patrick, starta seinare ein bar.

Han vart fort populær og var svært godt likt.

Pat bestemte seg for å gå inn i politikken. Der møtte han på ein annan politiker av irsk ætt, John F. Fitzgerald. Han hadde ei dotter som heitte Rose. Ho forelska seg i Joseph Patrick (son til Patrick Kennedy) og dei gifta seg. Joseph Patrick var ein smart og dyktig arbeidskar. Han lovde seg sjølv at før han var 35 år, skulle han vere millionær. Det klarte han. Formua hans steig ikkje berre til ein million, men til mange millioner dollar.

Rose og Joseph fekk ni barn, fem jenter og fire gutar.
Eldst av gutane var Joseph ("Joe Junior"),
deretter følgte John ("Jack"), Robert ("Bob")
og Edward ("Teddy")

John Fitzgerald Kennedy vart fødd 29 mai 1917.
Det var særleg mora , Rose, som tok seg av barna.
Faren ville at innanfor familien skulle barna kappast
med kvarandre. Det utvikla dei, meinte han. Men mot
verden utanfor måtte dei holde saman i ein fast front.
Dei blei "Kennedy-klanen".
Når faren var borte var det Joe Jr. som styrde søskena
som ein slags nestkommanderande. Han var som oftast
hyggeleg og omtenksom, men kunne og vere hersesjuk
og hissig.
Joe Jr. og John slost ofte, og det var alltid John det
gjekk hardast utover.

John studerte ved fleire universitet, blant anna Princeton og Harvard. Han dreiv og iherdig med sport. Storebroren, Joe Jr, var ein uvanleg dyktig elev og ein stor idrettsmann. John ville ikkje komme i skyggen av broren på nokon av dei felta.
John var ganske tynn, men han hadde flust med mot. Når det blei mølje på fotballbana kunne ein alltid finne han underst i flokken. Ein dag då han som vanleg var hamna under ei klynge med kraftige fotballspelarar, kjende han ei vond smerte i ryggen. Då han gjekk til legen og blei undersøkt, viste det seg at han hadde skada ein rygghvirvel. Skaden i ryggen plaga han resten av livet.

I 1940 gjekk John ut frå Harvard. Han fekk gode karakterar i statsvitenskap, og avhandlinga hans blei rosa. Den kom seinare ut som bok med tittelen "Why England Slept". Den blei ein bestselgjar. Far til John som var blitt ambassadør for USA i Storbritannia, var strålande glad og sendte eitt eksemplar av den til Churchill og eitt til dronninga.

Etter masse slit for å bygge opp og styrke ryggmusklane, meldte han seg ved marinen sitt vervingskontor. I oktober 1941 vart han utnemd til løytnant.
Han vart kaptein på båten PT-109. Etter eit par svært dramatiske hendingar med PT-109 og PT-59, fekk John malaria og vart sendt heim. Ryggen hadde og plaga han sterkt.

I 1946 blei eit av Massachusetts mandat i Kongressen ledig, og John fann ut at han ville prøve å bli nominert av demokratane. Etter ein "omfattande" valgkampanje, vann den 29 årige John valet. Han hadde fått nesten dobbelt så mange stemmer som nummer to, og meir enn halvparten av velgjarane hadde stemt på han.

I 1953 gifta John F. Kennedy seg med Jacqueline "Jackie" Lee Bouvier. Ho var av fransk ætt og hadde vokse opp i ein rik heim. I 1957 fekk dei ei lita jente som fekk namnet Caroline.

I 1958 vart John gjenvalgt til Senatet og då tenkte han at i neste omgang ville han prøve å bli president. Det klarte han, og den 20. Januar 1961 blei John Fitzgerald Kennedy høgtideleg innsett i det ansvarsfulle embetet som president.

Eit par veker etter presidentvalet i november 1960 blei John Fitzgerald Kennedy Jr. fødd. Faren ville ikkje at han skulle bli ein ny "Jack", derfor begynte han tidleg å kalle han "John-John."

John F. Kennedy vart godt likt som president, blant anna av dei svarte for kampen for borgarrettane deira. I 1964 vart borgarrett vedteke. Den gjekk ut på at alle borgarar i USA skulle behandlast likt, uansett rase.

Den 22. November 1963 var John og Jackie i Dallas, Texas. Texas var eit politisk fiendtleg territorium for John F. Kennedy, og Dallas var sett på som nesten livsfarleg for han. Mange der ville beholde raseskiljet, og Kennedy hadde teke parti med dei svarte. I tilleg var misnøyen mot Yankeene endå stor i sørstatane hundre år etter borgarkrigen.
John F. Kennedy sat i ein open bil ilag med kona Jacqueline, guvernøren i Texas og kona hans
Brått small tre skot. Kennedy hadde løfta handa for å vinke, men greip seg mot strupen.
Han var blitt trefft i halsen, hovudet og ryggen, og seig sammen. Guvernøren vart og trefft og vart lam i beina.
Bevistlaus vart Kennedy køyrd til eit sjukehus, men livet stod ikkje til å redde.
Klokka 14 erklærte legane at USA sin 35. President var død.
98 minutt seinare overtok Lyndon Baines Johnson presidentembetet.
John Fitzgerald Kennedy vart gravlagd på æreskyrkjegarden Arlington i Washington D.C.
Nitten kongar, dronninger og andre statsoverhovud og i alt representantar for 92 nasjonar tok del i gravferda.

Nokre minutt etter at mordet var skjedd, kom ein ung mann som heitte Lee Harvey Oswald inn i ein buss like ved. Han lo høgt, fekta med armane og ropte "Presidenten er skoten!"
Folk sat skremd og høyrde på og ein politimann kom bort til han og tok tak i han, men Oswald tok fram ein revolvar og skaut ned og drap han.
Oswald prøvde å gøyme seg i ein kino, men blei arrestert. Då Oswald skulle forflyttast til eit anna fengsel, vart han sjølv skoten ned og drepen. Oswald døydde på same sjukehus som Kennedy døydde på, to dagar etterpå.

Mordaren til Oswald var var ein nattklubbeigar som heitte Jack Ruby. Han hadde vener innanfor politiet og klarte på den måten å komme på kloss hald til Oswald.
Ruby døydde sjølv av kreft kort tid etterpå.

<B>Tragediar i Kennedyfamilien</B>
Familien Kennedy er ein av verdens mest berømte familiar, men historia til familien er svært tragisk.
Joe Jr. vart skoten ned i fly under den 2. Verdskrigen, John vart skoten medan han var president, Robert vart skoten medan han prøvde å bli president og Edward var innvolvert i ei trafikkulykke der sekretæren hans vart drepen.
Son til John F. Kenndy, John F. Kennedy Jr., døydde også ein alt for tidleg død. Han styrta i eit privat fly i lag med kona si og søstra til kona i 1999.


Annonse


Legg inn kommentar
Du må logge inn for å kunne legge til kommentar. Klikk her for å logge deg på.

Kommentarer
Ingen kommentarer er lagt inn. Bli den første!
Disclaimer: Alle dokumenter er kun for informasjon og ikke-kommersiell bruk. Alle stiler og oppgaver tilhører den opprinnelige skribent. Copyright © 2007 Mathisen IT Consult AS
Om Norsk Skoleforum