Forside / Artikkel

Den unge kongen


Ingen stemmer er registrert.


Ingen kommentarer. Bli den første!
Språk: Norsk (nynorsk)
Klassetrinn: Ungdomsskolen




Referat fra en historisk roman.

Denne boka handler om Magnus Erlingson som vert konge i Noreg som femåring, fordi han var dotterson til Sigurd Jorsalfare. Faren hans Erling Skakke er landsstyrar medan Magnus er ung.

Magnus sitt liv vert heilt forandra, og han må vere med faren i mange slag allereie som seksåring. Magnus opplevar mykje i sitt unge liv, og han har ikkje mykje hjelp av mora, fordi ho er mest oppteken av å utnytte den makta Magnus har som konge, og bryr seg ikkje mykje om han. Han får derfor i staden eit godt forhold til farens frille og hennar to søner. Dette gjorde livet hans lettare.

Etterkvert som Magnus veks til vil han vere med å ta avgjersler og bestemme i landet. Dette liker faren hans lite, og Magnus må overtale han i mange saker, noko som gjer at forholdet mellom også dei to blir dårleg.

Som tjueåtteåring blir Magnus gift med Eldrid Bjarnesdotter. Dei får tre ungar, men Magnus får ikkje oppleva den siste fordi han må fare i eit slag og kjem aldri att. Han døydde i 1184.

Boka byggjer på Snorres saga om kong Magnus Erlingson. Ein lærar mykje om leveforholda i Noreg og Noregs styresett på denne tida, som bestod av småkongar som hevda dei var av kongsætt.

Eg tykkjer dette var ei av dei betre bøkene eg har lese, fordi eg lærte mykje av ho samtidig som ho var spanande og fortalte ei god historie. Det er ein saga i romanform, noko som eg likar veldig godt blant anna fordi historia er sann (i den grad sagaen er sann). I byrjinga kunne boka vera litt kjeisam til tider fordi handlinga stod litt stille. Som f.eks. i dette utdraget: ``So sat han der attmed Ragnhild inni den halvmørke kyrkja og freista lyda etter dei lange latinske orda og herma dei opp at slik sira Torgaut sa føre.'' Men uti boka blir det berre betre og betre, og meir spanande. Fordi ein ut i frå sagaen ikkje veit korleis Magnus' tankar er, synes eg det er imponerande å sjå at forfattaren har skreve tankane til Magnus på ein så god og engasjerande måte. Sjølv om det tar litt tid å komme i gang med denne boka, vil eg tilrå ho på det varmaste.



Disclaimer: Alle dokumenter er kun for informasjon og ikke-kommersiell bruk. Alle stiler og oppgaver tilhører den opprinnelige skribent. Copyright © 2007 Mathisen IT Consult AS
Om Norsk Skoleforum