framtida.
et kåseri om framtid.
"Tenk på framtida di gut!" eg høyrer det stadig vekk.Frå gamle tanter, foreldre, besteforeldre og eit uttal andre framtidtenkarar.Og det gjer eg og.
"kva skal eg gjere seinare i dag då?" Tenker eg gjerne.Men dette likar ikkje dei gamle at eg tenkjer."Framtida er når du er vaksen og ferdig på skule" osb.
Men er det eigentleg slik?Både ja og nei.
At eg blir vaksen er riktig nok ein del av framtida mi.Men på langt nær ikkje heile.For den tida då eg gjekk på skule, og som dei gamle antyda at ikkje var noko tid, vil jo då bli fortid.Så viss ikkje den tidperioden blir rekna som noko tid, kan vi like gjerne legge oss til å sove heilt til "framtida" byrjar og vi kan begynne å leve igjen.Slik kan teorien til dei gamle tolkast.Men dette er ikkje noko vet i.Eg meiner framtida er den tida som er like Foran oss er framtida, kanskje mindre enn eit sekund.Eit sekund er jo 9 millionar og ørten svingingar av mellom dei to grunnstofftilstandane til eit cesium-133 atom.Men dette er jo litt rart.For kven i alle dagar fekk lov å bestemme at eit sekund er akkurat dette grunnstoffet, og ikkje minst dette talet?Dette er jo eit grunnstoff som nesten ingen kjenner til, og det er enda færre som leitar etter svingingar i eit slikt grunnstoff.
Tenk om nokon ein gong i framtida vil finne ut at eit sekund er eit anna tal av eit anna grunnstoff, for eksempel hydrogen.Hydrogen er jo i følgje forskarane, det aller mest utbredde grunnstoffet i heile universet.Men korleis i alle verdens land og rike kan dei vite det.Vi kjenner jo ikkje universet ein gong.Det ville jo vere det same som om ein bakterie som levde på plena mi trudde gras var det mest utbredde stoff i heile universet.Og at verda gjekk under den dagen då eg slo graset.For alt det eg veit, så kan det stemme at gras er det mest utbredde stoffet i universet.Universet er jo fullt av moglege og umoglege ting som vi sikkert ikkje har funne ut av enda.Men desse ukjende brikkene vil nok kanskje falle på plass at ein gong i framtida.Det inneheld jo alt av ting og uting.Stjerner, galaksar, svarte hol og såkalla ormehol.Desse ormehola er underlege saker.I følgje forskaren Albert Einstein er dette små passasjar mellom tid, fortid og framtid.Så det betyr jo altså at eg kan kjøre eit romskip gjennom eit slikt ormhol, slik at eg kanskje kjem tilbake til begynninga av 1900-talet.
På den tida hadde sikkert Einstein endå ikkje funne ut teorien sin om ormehol.
Så viss då eg hadde skutt han i nakken, ville eg kanskje ikkje ha kunne vore der å skutt Einstein, fordi eg i mi eiga tid ikkje ville visst om verken ormehol eller relativitetsteori.Korleis ville verden vore då?Jau, eg trur i alle fall at Japan ville vore ganske overbefolka.Det er jo fordi Einstein under den andre verdskrig klarte å byggje ei atombombe.Og den måtte selfølgeleg amerikanarane bruke til å svi av to byar og over 100 000 japsar.
Og her har vi desse atoma igjen. Kvifor må desse atoma dukke opp i så mange situasjonar.Jo!Det er fordi absolutt alt er bygd opp av desse små umoglege lego-klossane.
Men kva i alle dagar vil skje med meg i mi framtid då?
For det første trur eg at eg vil komme til å bli eldre.Eg kjem nok også til å gå på ein eller anna skule ute i distrikta.Der kjem eg til å bli sittande å kope mens eg lærar om ting eg neppe kjem til å få bruk for seinare i livet, og heller ikkje interesserar meg for.I alle fall så lenge eg slepp å hamne i stolen til Fritjof Wilbourne, og bli spurt ut om idiotiske spørsmål.Mens eg sit der å tenkjer så eg blir gal, blir eg avbrote av at han klør seg i skrittet og repeterer spørsmålet annakvart minutt.Så når eg endeleg har bestemt meg, setter han grå hår i hovudet på meg, ved å setje opp "homo-looket" sitt og sprø om endeleg svaret er avgitt, sikkert 10 gongar!Men det kan no forhåpentlegvis vere at "vil du bli millionær" ikkje eksisterar i framtida.Men då vil eg jo lære mykje unødvendig som berre lagrar seg i hjernebarken og tek opp diskplass.
Eigentleg trur eg ikkje den gamle læraren nokon gong vil gå tom for ting å lære meg.Spesielt ikkje når dei framtidige datamaskinene kjem på marknaden, og forskarane kan grave fram meir dritt om seksuallivet til amøba.Dette er jo eigentleg skjerma frå vår verden.Men arbeidslause forskarar må rote og kramse i alle guds skapingar, som dei færraste har interesse for å vite noko som helst om.
eg trur det er eit minimalt anntal av de som bryr seg om kor mange kjønnsorgan den nyoppdagne havkakerlakken som lever på 3985 meters djup har.Heller trur eg ikkje folk har grunn til å vite korleis T. rex åt, eller kva for hårfarge den hadde.
Det eg synest forskarane bør forske litt på i framtida, er nye, sunne matrettar som studentar rundt om i verda kan fråtse mens dei ser teit sport på teite TV-ar.For kva er vel meir usunt enn å glo fotball time ut og time inn mens ein kjører i seg mat, med meir energi enn ein dynamittkubbe.Eg er ganske skeptisk til den, men eg festar lit til at den kjende framtida vil finne svar på dette.
Du må logge inn for
å kunne legge til kommentar.
Klikk her for å logge deg på.