Forside / Skuespill / Tekst

Fjortiss


Gjennomsnitt av 121 stemmer.
(Klikk på en stjerne for avgi stemme)

Les kommentarer (1 stk)
Skrevet av Kristian Gravdal
Språk: Norsk (nynorsk)
Klassetrinn: VK 1 almenn



Eit ironisk og morsamt skodespel om ein gut som kommer ner til frokostbordet på søndag og skal fortellje foreldra sine kor han var på lørdag.

Fjortiss.
( Manus)

Scene 1
Sverre søv diagonalt over senga mens han siklar på puta. Han er i djup søvn. Buksa er halvvegs på og skjorta er på vranga. Det er ein ølflekk på skjorta.

Scene 2
Mora roper frå trappa. "du må vakna no, frukost!" Sverre vaknar raskt.

Han ser forskrekka rundt seg. Augene er raude mens munnen står på vidt gap. Hårfrisyren hans er heilt omforma. Han har eit kvalmande uttrykkje i ansiktet. Han svarar. "komme!" mens han strekkjer kroppen sin.

Scene 3
Han reiser seg og sitter på sengekanten med henda over ansiktet. Sånn sitter han ei lita stund mens han stønner litt mens han mumlar lågt. "Komme" Og han tar seg på hovudet som han hadde vondt.

Scene 4
Mora roper igjen. "kommer du?! No blir maten kald". Sverre sitter enda med hovudet mellom beina. "jaaaaa!" roper han irritert tilbake og reiser seg for å gå til badet. Han tar av seg kleda han har på seg og bytter dei med noen andre som henger på stolen på rommet hans.

Scene 5
Han ser seg i spegelen. Augene liggje på halvgløtt. Han tar på springen og dyppar ansiktet i kaldt vatn. Han tørker seg i handklede og prøver å få noko leppestift vekk frå ansiktet. Han går ned trappa for å ete søndags-frukost med mor og far.

Scene 6
Han fiksar seg ein siste gang, der han tørkar seg i ansiktet og rettar seg opp. Han ser nervøs ut. Han rettar på kleda sine og spaserer ut på kjøkkener der Far og Mor sitter. Han høyrer radioen står på og at dei diskuterer noko.

Scene 7
Han kommer in. Det blir brått stille. Far og mor slutter å snakke. Far snur seg. Litle søstera hans Hilde sitter der også. Sverre sitter seg ned på kjøkkenstolen. Alle tre ser på Sverre.

Scene 8
Far - kva er det så feiler deg da? Er du sjuk? Spør han undrande.

Sverre - ehh.. Nei. Kva då? Spør han uforståande.

Far - vel, du ser jo ikkje heilt god ut.

Sverre - god ut? Er no heilt fint eg. Eg sov så godt. Seie han smilande mens han ser ned på eit fat fylt med bønner og poteter.

Klip 1(sverre som spyr på eit do på ein fest)

Mor - ska du ikkje eta maten din?

Sverre - Joda..men e ikkje så veldig sulten.
Han rører gaffelen rundt i bønnene.

Far - Kor var du i går då?

Mor - Han var å såg film med nokon kameratar. Var du ikkje?

Sverre - kva?(Sverre føler ikkje heilt med) Ja.jo!
Han ser nedi bønnene.

Mor tar og ruskar Sverre på håret.
Sverre - Mamma! Seier han irriterande.
Han skyver vekk armen til mor. Mor slutter.

Der er stille ei stund.

Mor - Kva gjor dåke på då?

Klip 2 (sverre som dansar, mens han drikke frå ei sprit flaske.)

Sverre - Koste oss. Spelte litt data, drakk brus og sånn. Såg film.

Mor - Var det nokon jenter der då ?
Far og Mor ler litt.

Sverre - nei...ja jo. Bare to venninne.

Klip 3 - mange jenter drikker alkohol og liggje å sove i sofa

Mor - Dei søte jentene som går på kristen koret med deg ? mor virke interessert.

Sverre - kim då?..ehh..Sigrunn og Møyfrid du snakke om no? Han virke forundra.

Far - er no søte dei. Dei som spele blokkfløyte saman med Hilde? Han ser bort på Hilde.

Hilde - Sigrunn og Møyfrid? Ja dei spele blokkfløyta med ja.

Mor - Da e dei som e så flinke og det. Kjempe flinke på skulen i alle fall.

Sverre - ja da va dei. Han smile.
Igjen ser han ned i bønnene.

Hilde - ehh..da går jo ikkje. Dei reiste jo på ungomssamling for unge kristne i helga. Dei e jo ikkje heima.

Klip 4 - To jenter speler blokkfløyte. (er veldig dårlege.)

Far og mor snur seg til Sverre. Og ser forundra på han.

Far - Ja da stemme jo.

Det blir heilt stille.
Sverre - ja da va at dei hadde tenkt å komma. Men kunne jo ikkje.

Far - Kva jente va da som var der då?

Sverre - ho derre Tanja. Dei som bur rett nedi gata her.
Mor og Far ser på kvarandre og lurer.

Klip 5 - Bilde av Tanja. (Ser ut som ei prostituert.)

Tanja.? Mumlar ho for seg sjølv.
Mor -..Tanja..?

Mor spør forsiktig.
Mor - e da ho lysa?..e ikkje ho 3 år eldre en deg?

Sverre - ja, ho e vel da.
Han ser ned i bønnene for tredje gang.

Mor - Kjenne ikkje ho så godt, e ho kjekk?

Sverre - kjempe! Ganske sjenert og stille.

Klip 6 - bilde av Tanja som rote med ein gut, annan gut seier - eg e neste i alle fall!

Mor - hm. Ok.

Sverre tar seg på hovudet.
Der er stille.
Far - du drakk i går du!

Sverre - ka for noko, nei. Eller eg tok eit par pils.

Klip 7 - Sverre som skåler med mange kamerater, sprit står på bordet

Mor - no skuffe du meg Sverre. Du e jo bare 14 år.

Sverre - bare smakte. Måtte jo prøva. Og dessutan så var det ikkje godt heller. Ska aldri drikka da derre meir.
Han ser ned i bønnene for fjerde gang.

Far - da e bra. Eit par øl kan vel ikkje vera så gale, men ikkje noko meir. Ikkje noko alkohol her i huset. Seier han bestemt. Han virke letta.

Mor - Og ikkje noko røyk. Da e bare usunt tull. Men sånt skjønnar vell du. Guten min. Ho smile til Sverre.

Far - Me hadde vell lukta da vist han hadde røykt.

Klip 8 - Bilde av "X-IT" flaska. "Tar bort lukt uten å lukte!".

Sverre - ja akkurat!
Lenge stille, far ser litt i avisa. Mor strikkar litt. Hilde lesar i eit blad. Far gjespar.
Sverre ser ned i bønnene.

Mor - du ser ikkje ut te å eta da derre du?
Sverre skyver tallerken vekk frå seg.

Mor - Me ska jo eta middag hoss bestemor i dag.

Sverre - glimrande! Seier han på ein ironisk måte.

Mor - Då skal me ha lapskaus! Det er så godt! Med kjøttbetar, poteter, løk og masse grønsaker. Mmmm.

Sverre spyr over heile kjøkkenbordet. Det kommer over alle, mor ,far og Hilde. Dei sitt der sjokka. Det er heilt stille..













SLUTT.


Annonse


Legg inn kommentar
Du må logge inn for å kunne legge til kommentar. Klikk her for å logge deg på.

Kommentarer
Kaja Kvello,08.04.2008 Genialt:D

Disclaimer: Alle dokumenter er kun for informasjon og ikke-kommersiell bruk. Alle stiler og oppgaver tilhører den opprinnelige skribent. Copyright © 2007 Mathisen IT Consult AS
Om Norsk Skoleforum